INFO frå Kyrkja i Kvinnherad i samband med tiltak mot spreiing av korona-viruset:


INFO frå Kyrkja i Kvinnherad i samband med tiltak mot spreiing av korona-viruset:


Samfunnet mjuknar opp meir og meir. Me er glade for at me kan samlast i kyrkjene til gudsteneste og kyrkjelege handlingar. Men me har framleis fokus på smittevern og dette fører sjølvsagt til nokre begrensingar.

(oppdatert 03.07.2020)

GUDSTENESTER:
Etter ein periode med så og seie heilt stengde kyrkjer, har me sidan slutten av mai hatt lov til å samlast til gudsteneste igjen. Oversikt over gudstenester framover finn du i KALENDEREN.

KAPASITET I KYRKJENE
Frå og med 15. juni 2020 vart det tillatt med arrangement på offentleg stad for inntil 200 personar. Dette gjeld og gudstenester og kyrkjelege handlingar. MEN: Forutsetningen er at det er mulig å halde ein avstand på minst 1 meter mellom personar som ikkje er i same husstand/er saman til vanleg.Difor er det framleis begrensa kor mange det er plass til i kyrkjene våre. Me har utarbeida ein oversikt over "Anbefalt maks antal sitjeplassar" utfrå kor mange benker som er i bruk i dei ulike kyrkjene, og lengda på benkane:
Anbefalt maks antal sitjeplassar iht gjeldande smittevernreglar:
Ænes kyrkje              27
Kvinnherad kyrkje     70
Uskedal kyrkje          60
Husnes kyrkje           65
Valen kyrkje              80 (100)
Holmedal kyrkje        60
Hatlestrand kyrkje     40
Ølve kyrkje                60
Fjelberg kyrkje          40
Varaldsøy kyrkje     100
Åkra kyrkje                60
Eid kyrkje                  50

DÅP
Ein kan i utgangspunktet melde inn dåp dei dagane det er sett opp gudsteneste i den aktuelle kyrkja. Som grunnregel tenker me at me nå kan ha éin dåp i den vanlege gudstenesta. Kjem det fleire dåpar kan ein ha maks 2 dåpar i ei eiga dåpsgudsteneste. Desse får beskjed om kor mange benker dei kan disponere. Me tenker eitt dåpsfølge på kvar si side i kyrkja. Ved dåp i vanleg gudsteneste får i utgangspunktet dåpsfylgjet eine halvdelen og den vanlege kyrkjelyden motsatt halvdel av kyrkja.

GRAVFERD
Kun familie og inviterte får vere til stades (maks antal utfrå lista over her). Me må hjelpe kvarandre til å formidle at ingen må føle at dei sviktar sin gode nabo ved at dei ikkje møter opp i gravferda. Det er ein heilt spesiell situasjon me er oppe i, og me vil oppfordre folk til å vise omtanke på andre måtar i samband med dødsfall. 

VIGSEL (BRYLLUP)
Vigsel kan gjennomførast om ein ikkje ynskjer å utsetje det, men med anbefalt maks antal til stades. (Jmfr lista over her) Vi kan også ha vigsel med berre brudepar, forlovarar og prest. Så kan ein ha festen seinare.

STREAMING
Me ynskjer å minne om at det med dagens teknologi kan vera enkelt å ordne med streaming/video t.d. til ei lukka Facebook-gruppe, for dei som måtte ynskje det. Spør oss til råds om det er noko de lurer på i samband med dette.

DIGITALE GUDSTENESTER
Den tida me ikkje kunne samlast til gudsteneste på vanleg vis har det meste foregått digitalt. I påsken hadde me to live-streamingar. Opptak av desse kan du sjå her:
>>Langfredag frå Husnes kyrkje<<
>>Høgtidsgudsteneste påskedag frå Kvinnherad kyrkje<<

KONFIRMASJON
Årets konfirmasjonar er utsett til hausten 2020. Det var ikkje heilt slik nokon av oss hadde sett det for oss... 

Ein førebels oversikt over datoar for årets konfirmasjonar finn du HER

Situasjonen er framleis uoversikteleg, ingen av oss veit korleis ting kjem til å utvikle seg. Dette er slik me planlegg no, men det kan sjølvsagt koma endringar. Foreldre og føresette til konfirmantane vil få beskjed direkte dersom dette skjer.

Ting kan endre seg fort, så følg med for oppdateringar i dette innlegget her!

Kyrkjekontoret på Valen har opningstid mandag-tirsdag kl 09.00 - 15.00 ut juli, men her vil vera folk å treffe ein del utanom den tida og. Men då vil det vera lurt å gjere ein avtale i forkant.

De kan elles nå oss på
post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no
eller tlf.: 90 53 19 10
(fungerer dessverre ikkje med SMS)

...så kan ein avtale tidspunkt for t.d. dåpssamtalar og sørgesamtalar.

Tilbake