Konfirmasjon
Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.
Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår, så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare. Dersom du ikkje er døypt, kan du vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs. Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.
PÅMELDING TIL KONFIRMASJON:
I mai/juni vert det sendt ut invitasjon med info til alle 8.-klassingar som står i kyrkja sitt medlemsregister. Samtidig opnar me opp for påmelding for det påfylgjande konfirmant-året her på heimesida. I kyrkjer der det er fleire konfirmasjonsgudstenester, legg de inn kva dato og klokkeslett de ynskjer, og så vert den endelege fordelinga avgjort i løpet av hausten.