Utleige av kyrkjene i Kvinnherad.

KLIKK aktuell kyrkje for skjema.

 

Leige av Eid kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Fjelberg kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Hatlestrand kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Holmedal kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Husnes kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Kvinnherad kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Uskedal kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Valen kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Varaldsøy kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Ænes kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Ølve kyrkje

Les meir om kyrkja her...

 

Leige av Åkra kyrkje

Les meir om kyrkja her...

>>> Retningsliner ved leige av kyrkjene i Kvinnherad

Kyrkjene i Kvinnherad er vigsla til å tena som ein møtestad mellom Gud og menneske. Kyrkjerommet er eit heilagt Gudshus, bygd til æra for Han. Det er difor viktig at arrangement som skjer i kyrkja ikkje bryt med denne føresetnaden og at det som vert framført ikkje bryt med Guds ord eller kjem i strid med det som kyrkja lærer.

Kyrkja må ikkje brukast til:

  • Politiske møte eller verksemd
  • Kommersielle føremål
  • Utøving av ikkje‐kristen tru eller religion.

Det er sokneråda som har det øvste ansvaret for kva kyrkjene i Kvinnherad kan brukast til. Sokneråda har delegert ansvar for utleige av kyrkjene til kyrkeverje. Er kyrkjeverje i tvil om utleige, tek soknerådet avgjerd. Kvinnherad kyrkjelege fellesråd har ansvaret for betalingssatsar, tryggleik m.m. ved bruk og utleige av kyrkjene. Bjørgvin bispedømeråd skal godkjenna utleigereglementet.

Søknad om å leige ei kyrkje

Søknad om å få leiga ei kyrkje må skje skriftleg ved å fylgje linkane på denne sida her seinast 6 veker før arrangementet. Søknaden må gje god informasjon om føremålet som ein ynskjer å nytta kyrkja til, samt kven som er kontaktperson.

Ved munnleg førespurnad om leige av kyrkja, kan ein ved kyrkjekontoret reservera ei kyrkje i inntil 10 dagar i påvente av skriftleg søknad. Reservasjonen vert sletta utan nærare varsel dersom skriftleg søknad ikkje vert motteken innan 10‐dagars fristen.

Merk særleg fylgjande tilhøve som må avklarast for at søknaden kan få rett handsaming:
  • Program for arrangementet, tekst / musikk som skal framførast og liknande.
  • Om det skal takast kollekt / inngangspengar, samt billettpris.
  • Om ein ynskjer å nytta piano eller kyrkjeorgelet. Orgel og piano vert stemt regelmessing. Ynskjer ein
  • stemming ut over dette må leigetakar sjølv kosta dette.

Praktiske føresegner

  • Kyrkjeverje vurderer om ein tilsett frå kyrkja skal vera til stades under arrangementet.
  • Leigetakar har sjølv ansvar for å rigga til. Avtalar om dette må gjerast i god tid med kyrkjekontoret.
  • Leigetakar må stilla med vaktar ved arrangement. Vaktene pliktar å setja seg inn i rutinar for brannsikkerhet og vidare retta seg etter tilvising frå kyrkjetenar. Leigetakar er ansvarleg for at mengd personar inne i kyrkja ikkje overstig det som vert tillate i brannføresegnene.
  • Alt sal av billettar og varer, til dømes bøker og cd, skal berre skje i våpenhuset, like innanfor hovuddøra.
  • Innsamling av pengar til ulike føremål kan ikkje skje utan at det er godkjent på førehand.
  • Leigetakar er erstatningspliktig dersom ting / gjenstandar vert skadd eller øydelagde.
  • Leigetakar er forplikta til å etterlata kyrkja i same stand som ho var før arrangementet.

Økonomi

  • Leigepris er 15 % av brutto inntekt, minimum kr. 3.000,‐. For lokale aktørar er leigeprisen 10 % av brutto inntekt, minimum kr. 2.000,‐. (Ved arrangement der tilsett frå kyrkja ikkje treng vera tilstades, vert minsteprisen halvert.)
  • Leigetakar skal umedelbart etter arrangementet gje opplysningar til utleigar om inntekt av billettsal.
  • Kyrkjekontoret sender faktura for leige.

Har du noko spørsmål angåande dette, kan du sende mail til post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no eller ringe tlf. 90 53 19 10 mandag - torsdag kl. 09.00 - 15.00.