Velkomen som konfirmant 2025/26!


Velkomen som konfirmant 2025/26!


No kan du melda deg på kyrkja sitt konfirmant-opplegg her på heimesida.

I desse dagar inviterer kyrkjelyden din deg som straks er ferdig med 8. klasse til å verta med oss i konfirmasjonstida 2025/2026.

Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår, så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare.

Dersom du ikkje er døypt, kan du likevel vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og så velje om du vil bli døypt undervegs. Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.

Også dette året vil mykje av informasjonen nå i forkant føregå digitalt. Men for konfirmantane i Ølve og Hatlestrand sokn og Varaldsøy sokn vert det informasjonsmøte i Hatlestrand kyrkje onsdag 18. juni kl. 15.00. Konfirmantane som høyrer til sokna Kvinnherad, Uskedal, Ænes og Åkra har informasjonsmøte i Kvinnherad kyrkje torsdag 19. juni kl. 18.00.

No er juni her og invitasjonsbrosjyre vert i desse dagar sendt til alle som fyller 14 år i år og er døypte, og dermed medlem av den norske kyrkja.

Her kan du lesa dei ulike invitasjonsbrosjyrane:
Fjelberg og Eid sokn     ---> HANDOUT med oversikt over opplegget i Fjelberg og Eid sokn
Husnes og Holmedal sokn (inkl. Valen)
Ølve og Hatlestrand sokn og Varaldsøy sokn
Kvinnherad sokn, Uskedal sokn, Ænes sokn og Åkra sokn

 

>>>Påmeldingsskjema for heile Kvinnherad kommune finn du HER.
NB!
- Dersom de har ynskje om ein bestemt dag, er det viktig at de grunngjev dette i kommentarfeltet for at me skal kunne ta omsyn til det!

 

>>> Ta gjerne ein tur innom kirken.no og les meir om konfirmasjon <<<

Tilbake