KODE B


Fredag 27. januar kan alle 5.-klassingar i Kvinnherad vera med på Kode B.

Leik og moro - Bli kjent med nye - Film - Pizza – Frukt - Aktivitetsløype ute - Bibelhistoriar - Song - QUIZ - Biljard - Air-hockey - Fotball-spel - GRATIS å vera med!!

Gjennom Kode B kan 5.-klassingane lære Bibelen å kjenne, og dei kan få sjå at dette er ei rik og spanande bok som har betydning for livet. Tidlegare har tretti-førti 5. klassingar frå heile kommunen vore samla i Valen kyrkje til eit allsidig opplegg med song, leik, tema-samlingar og mat. Det er gratis å delta. Programmet varer frå kl. 9-15. Kyrkja opnar dørene kl. 8 og er open til kl. 15.30 for dei som treng det.

Invitasjon er sendt i posten til alle kvinnheringar som er fødd i 2012 og som er medlem i Den norske kyrkja. Andre 5.-klassingar som ynskjer å vera med er og velkomne til å melda seg på! :-)

Les meir HER om korleis ditt barn kan få invitasjon til trusopplæringstiltak, sjølv om ein ikkje er døypt og dermed er medlem i Den norske kyrkja

PÅMELDING:
Påmeldingsfristen var på onsdag.

Ta gjerne kontakt med Toril Langeland på tlf. 90 95 88 98 for å høyre om det framleis er ledige plassar.

Tilbake