Visste du at det er mulig å melde borna dine som trusopplæringsabonnentar (GRATIS) sjølv om ingen av foreldra/føresette står som medlemmar i kyrkja?
Medlemskap i kyrkja får ein ved å vere døypt. Er ein døypt i eit anna kyrkjesamfunn, kan ein melde seg inn ved å levere kopi av dåpsattest. Når eit barn vert døypt, seier foreldra og fadrane ja til at barnet skal "oppsedast til eit liv i den kristne forsakinga og trua". Dette er mandatet som kyrkja får til å drive trusopplæringsarbeid.
Frå 01.01.2021 kom den nye trussamfunnslova. Fram til då vart ein rekna som «tilhøyrande» dersom den eine eller begge foreldra var medlemer i kyrkja. «Tilhøyrande» fekk tilsendt invitasjon til trusopplæringstiltak på lik linje med medlemer. No må kvar og ein sjølve melde frå om dei ynskjer at sine barn skal få slike invitasjonar framover. Les meir om dette her. Foreldra må aktivt melde barnet til å stå på lista over tilhøyrige ved å logge seg inn på min side med BankID og registrere barna sine der. - Her ser du litt av det som står på den sida:
Trusopplæraren jobbar med å administrere listene over barn som skal inviterast til dei ulike tiltaka i trusopplæringsplanen. Namna vert henta frå DNK sitt medlemsregister før kvar invitasjon skal sendast ut.
GRATIS TRUSOPPLÆRINGSABONNEMENT:
Om du og barna dine ikkje er medlem i kyrkja, kan du likevel melde barna dine på som abonnent i trusopplæringa. Du vil då få brev i posten på lik linje med medlemmar og andre som har meldt seg på. Dette er ei nokså ny ordning, og me ber om hjelp til å spreie denne informasjonen slik at fleire kan få det med seg. Alle born er velkomne i kyrkja på trusopplæringstiltak!!
Ta gjerne kontakt med oss i trusopplæringa om du treng hjelp til å registrere abonnementet.
Kyrkja forkynner bodskapen om Jesus Kristus. "GUD GIR - VI DELER" er overskrifta i trusopplæringa i Den norske kyrkja. Me ynskjer alle velkomne inn til samlingar og gudstenester.
Med venleg helsing
Toril Langeland: 909 58 898
eller toril.langeland@kvinnherad.kommune.no