Fysisk og digital grunnlovsdag i kyrkjene


Også dette året vert gudsteneste-tilbodet på 17. mai noko amputert rundt i bygdene våre. I nokre av kyrkjene vert det gudsteneste med begrensa frammøte medan ein i nokre bygder samlast ved eit minnesmerke eller på kyrkjetrappa der soknepresten har ei kort helsing for dagen. (Sjå Kalender for detaljar).

 

For at flest mogleg skal oppleve at ein kan få ei helsing frå si lokale kyrkje på grunnlovsdagen, satsar me også dette året digitalt. Gudstenesta frå Kvinnherad kyrkje vert streama på heimesida vår. I tillegg til dette vert det og spelt inn ei digital 17. mai-sending med musikalske innslag og ord for dagen. I denne sendinga får me eit glimt frå alle dei 12 kyrkjene i kommunen.

På bilete ser me frå innspelinga ved Åkra kyrkje, der sokneprest Carsten Mrusek held Ord for dagen. Dei musikalske innslaga i sendinga er det Eva Megyesi, kyrkjekoret Norsaang, Rebekka Attramadal og Liv Signe B. Ulvestadbakken som står for. Desse er innspelt i Valen kyrkje, Uskedal kyrkje og Kvinnherad kyrkje.

Me i kyrkja i Kvinnherad ynskjer med dette å invitera oss inn i kvinnheringane si 17. mai-feiring. Me har all grunn til å feire og kjenne på takksemd for landet vårt, fridomen og dei gode verdiane som samfunnet vårt er bygd på.

For kyrkja i Kvinnherad
Jan-Ove Fagerheim

Tilbake