Bryllup


Bryllup


Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre. Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.
(1. Johannes' brev 4, 10-11)

>>> MELD INN YNSKJE OM VIGSEL HER <<<

Her finn de kontaktskjema der de kan melde inn ynskje om vigsel i ei av kyrkjene i Kvinnherad. Då vil me sende ut ein mail med nyttig informasjon i samband med den store dagen.

NB! De legg inn eit YNSKJE, og så får de tilbakemelding saman med info-mailen om det er ledig den dagen.

VIGSELSFRIE helger:
Sommaren 2026:
Det vert ikkje høve til å ha vigsel helga 17.-19. juli.

Sommaren 2027:
Det vert ikkje høve til å ha vigsel helga 16.-18. juli.


Musikk ved vigsel:
Kyrkja stiller med organist til alle vigslar i kyrkjene våre. Desse spelar salmane og har eit utval inngangs- og utgangs-marsjar. Oversikt får de i dialog med organisten. Har de ynskjer utover dette, må de koma tidleg i dialog med den aktuelle organisten og avklare om dette let seg gjera.

Pynting av kyrkja m.m.:
Kyrkjerommet er i seg sjølv eit fint utsmykka rom. Ved vigsel stiller kyrkja med lys på altaret. Blomar og pynting utover dette, ordnar de med sjølv. Vi ynskjer ikkje konfetti, ris, strødde roseblad e.l. som gir mykje ekstra arbeid for våre tilsette. Pga brann-tryggleik kan ein ikkje nytte levande lys i midtgangen i kyrkja.

Meir lokal info om vigsel kan de finne her. >>>

Generell info om vigsel på kirken.no. >>>

Tilbake