Vigsel er ein fest for kjærleiken. To mennesker lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og onde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta vert gitt med vitne til stades.
Dei som ynskjer å gifta seg i ei av kyrkjene i Kvinnherad må først ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale dato for bryllaupet. Bruk skjema som de finn her for å melde inn ynskje om dato og klokkeslett, så tek me kontakt. De kan og ringe oss på tlf 90 53 19 10 (ikkje SMS) eller sende mail til post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no om det skulle vera noko de lurer på.
Vidare må kvar av brudefolka fylle ut "Erklæring for prøving av ekteskapsvilkåra", og kvar av forlovarane må fylle ut "Forlovererklæring". Desse papira kan ein laste ned her. Ein leverer dei ferdig utfylte papira til folkeregisteret. Alle par som har gifta seg borgarleg er og velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet.
Brudepar som ikkje er heimehøyrande i Kvinnherad lyt betala for leige av kyrkja (inkluderer deltaking av kyrkjetenar og organist). Dette gjeld ikkje dersom minst ein av brudeparet eller foreldre er busett i kommunen. Dersom ingen av brudefolka er medlemmer av Den norske kyrkja kan ein leige kyrkja på same vilkår og til gjeldande prisar.
Betaling av presteteneste:
Dersom brudeparet ikkje er busett i eit av sokna i
Sunnhordland prosti, må ein i tillegg betale for prestetenesta.