Kyrkjene opnar for gudsteneste


Vi har vore gjennom ei spesiell tid der alle gudstenester i kyrkjene har vore avlyst. Kyrkja har stått saman med resten av samfunnet i den store dugnaden for å avgrense smitte av korona. Når vi no på nytt kan invitere til gudsteneste, må vi gjere vårt til at det kan skje på ein trygg måte.

 

Kyrkja i Kvinnherad jobbar difor med å få på plass smitteverntiltak i tråd med Bransjestandard for gudstenester og kyrkjelege handlingar i Den norske kyrkja. I tillegg til utvida reinhald, er det sett ei avgrensning på 50 personar til stades utanom dei tilsette. Alle må halde minimum 1 meter avstand, men dei som høyrer til same husstand kan sitje saman. Difor avheng det m.a. av storleiken på kyrkja kor mange som det er plass til. Vi er pålagde å ha oversikt over kven som er til stades i tilfelle ein må ha smittesporing i etterkant. Difor vil ein tilsett stå ved inngangen til kyrkja og føre opp namn på alle som kjem. Denne namnelista vil bli lagt i lukka konvolutt og makulert etter 10 dagar. Ved eigne dåpsgudstenester, vigsel og gravferd ordnar dei pårørande sjølve med slik liste.

Den fyrste opne gudstenesta vert på Varaldsøy 24. mai. Denne kyrkja er så stor at det er plass sjølv om det er dåp. Elles vert det eigne dåpsgudstenester etter gudstenesta eller til andre tider. Av smittevernomsyn vert det ikkje nattverd på dei vanlege gudstenestene no i starten. Men det vert tillyst nokre nattverdgudstenester på kveldstid for å imøtekomme ynskje om nattverd. Den fyrste vert i Kvinnherad kyrkje på kvelden 2. pinsedag.

1. pinsedag vert det gudsteneste i Husnes, Kvinnherad og Åkra kyrkjer, medan Eid kyrkje har fleire dåpsgudstenester og ikkje opa gudsteneste. Fjelbergstemnet 2. pinsedag er avlyst, men det vert gudsteneste i Fjelberg kyrkje på ettermiddagen slik at ein kan ta ferja både fram og tilbake. 2. pinsedag er det også gudsteneste i Ølve kyrkje.

Vi gled oss til å møtast i kyrkja igjen. Her på heimesida vår finn de oppdaterte gudstenesteplaner for sommaren. Her finn de også gudstenester på nett frå ulike stader i Kvinnherad. Ta kontakt med kyrkjekontoret for avtale om dåp og sjå elles gudstenesteannonse i avisene.

Tilbake