LIVE-streaming i påsken


Påsken er her, den store høgtida innan kristendommen. Dette kjem til å verta ei påskehøgtid dei fleste av oss seint vil gløyme. Det meste er annleis og ulike tradisjonar må dette året verta lagt tilsides pga korona-epidemien.

 

I Kvinnherad har me 12 kyrkjer og frå Palmesøndag t.o.m. 2. Påskedag var det planlagt ikkje mindre enn 17 gudstenester/samlingar. Dei fleste av desse er heilt avlyst, men det vert gjennomført eit par enkle dåps-gudstenester med kun dei næraste tilstades også i påsken. I nokre kyrkjer vil det og verta lagt til rette for open kyrkje nokre timar ein dag i påskehelga. Oversikten finn du HER.

Men Langfredag og 1. Påskedag ynskjer me å invitera oss heim til deg med ei påskehelsing, med musikk, song, bibeltekstar og påsketankar. I den digitale kvardagen me lever i har mange nytta internett til å halda kontakten med kvarandre den siste månaden. Denne muligheten ynskjer me i kyrkja og å benytte oss av.

I samarbeid med både Kvinnheringen og Grenda, samt lokale mediafolk med Oddbjørn Kloster i spissen, vil det fredag kveld vera mulig, via skjermen, å verta med på Langfredagssamling frå Husnes kyrkje kl. 20.00. Organist Marit Lindekleiv har fått med seg ulike aktørar som formidlar påsken sin bodskap gjennom ord og tonar. Søndag er det påskedag. Då vil jubeltonar og ord til trøyst og oppmuntring lyda frå Kvinnherad kyrkje kl. 11.00. Kantor Eva Megyesi har fått med seg musikalske krefter til å delta her og sokneprest Kjersti B. Boge leier oss gjennom gudstenesta.

Sendingane vil du finne både på Kvinnheringen og Grenda sine nettsider. Lokalavisene har vore så storsinna at begge sendingane vil ligge opne for alle, slik at ein ikkje treng abonnere for å sjå.

Me håpar at mange kvinnheringar, ja, andre og sjølvsagt, vil setja pris på dette tilbodet. I ei tid der ein ikkje kan oppsøke fellesskap i kyrkje eller bedehus på vanleg vis, håpar me at dette kan verta ein fin og verdig måte å feira påske på. Me ynskjer at du skal få mulighet til å kjenna at du ikkje er åleine i denne tida som oppleves både utfordrande og vanskeleg for mange.

Espen Eckbo sin humoristiske karakter, Asbjørn, sa det så bra: «Det er nå vi må vise at vi står sammen - ved å sitte hver for oss…»

Kvinnheringen har nedtelling til gudstenestene på sine nettsider:

Tilbake