Påska er ikkje avlyst!


Opne kyrkjer og streaming av gudsteneste i påska:

 

Skjærtorsdag 09.04 kl.19-21 er det open kyrkje i Kvinnherad kyrkje
Langfredag 10.04 kl.19.30-21 er det open kyrkje i Ølve kyrkje
1.påskedag 12.04 kl.17-18 er det open kyrkje i Hatlestrand kyrkje
1.påskedag 12.04 kl.19.30-21 er det open kyrkje i Uskedal kyrkje...
2.påskedag 13.04 kl.11-12 er det open kyrkje i Åkra kyrkje
Det blir også gratis streaming av Langfredagssamling og Gudsteneste på 1.påskedag via www.grenda.no og www.kvinnheringen.no.
Langredag 10.04 kl.20 i Husnes kyrkje v. Marit Lindekleiv og fleire
1.påskedag 12.04 kl.11 i Kvinnherad kyrkje v. Kjersti Boge og Eva Megyesi

Sjølv om vi ikkje kan samlast og feira gudsteneste på vanleg måte i år, så er det lov å samlast inntil 15 personar om gongen. Når vi har open kyrkje er det mogeleg å koma inn i kyrkja for å be og tenne lys, kanskje synga ein salme og høyra ein bibeltekst. Også i kyrkja vil vi overhalde reglane som gjeld for smittevern ved bruk av antibac og ved å halde 2 meter avstand i mellom kvarandre.

Tilbake