Når eit barn vert boren til dåp vert vi minna om at ingen kan bere seg sjølv.
Alle som ynskjer dåp er velkomen til å ta kontakt for meir informasjon. Dei som ynskjer dåp i ei av kyrkjene i Kvinnherad, kan gå til
påmeldingsskjema for dåp.
Gjennom dåpen vert vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekker seg over heile verda - og gjennom alle tider. Det er ei markering der bornet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å følge bornet alle dagar.
Jesus døypte ikkje, men utfordra menneske han møtte til å vere saman med han og følgje han. Etterfølgjarane til Jesus fekk i oppdrag å gje dåpen vidare til menneske over heile verda og å undervise om Gud sin gode vilje med menneska sine liv.