Orientering om utfylling
>>> Klikk "Ny registrering" for å sjekke aktuelle gudstenster i dei ulike kyrkjene. <<<
Når ein melder inn til dåp må ein og laste opp og leggja ved fødselsattest for barnet. Denne finn de i innboksen på www.altinn.no. Det er side 2 av denne de skal leggja ved.
Litt ut i påmeldinga skriv de inn eit mobilnummer og vil deretter motta ein kode på sms for å gå vidare i prosessen. De legg og inn barnet sitt personnummer.
Velg kyrkje og den datoen de ynskjer å ha dåp. I første omgang er det nok å fylle ut namn på barnet og kontaktinformasjon til foreldre.
Når de skal melda til dåp skal de og oppgi kven som skal vera fadrar til barnet. I den samanheng minner me om kven som kan vera fadrar: Ein fadder skal vera over 15 år og som hovedregel døypt medlem av vår kyrkje. Medlemmer av andre kyrkjesamfunn kan vera fadrar så lenge dei aksepterer barnedåp. Dette kan avklarast med presten i dåpssamtalen.
1-2 virkedagar etter at de her har registrert YNSKJE om dåpsdato, vil de motta ein mail frå kyrkjekontoret med info om det er ledig i den aktuelle gudstenesta. Seinare kan de gå til "Eg vil opne ei registrering", og oppdatere innhaldet med til dømes fadrar. Bruk same person - og telefonnummer som ved første innlogging.
NB! Me ber om at namnet på fadrane blir lagt inn seinast 14 dagar før dåpen finn stad.
Meir info om dåp finn du på www.kyrkja.no
NB! Dersom de opplever problem med utfyllinga, vil me meir enn gjerne hjelpa til med det. Send oss ein mail på post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no, skriv namn og tlf.nr., så tek me kontakt i opningstida. |