Dåpskjole til utlån


Det er mellom dei største hendingar i livet når eit nytt barn kjem inn i familien.

 

Og i kyrkja gled vi oss over å få vere med å feire barnet og å feire at barnet i dåpen blir med i kyrkjelyden og i Guds store familie.

På prostidagen på Stord for nokre år sidan handla det om dåp. Og ein idè som eg tok med meg heim denne dagen var: Skulle kyrkjelyden hatt ein dåpskjole til utlån? Ikkje alle har ein dåpskjole i familien eller næraste venekrins. Så då utfordra eg kona mi, Marit Elisebet, om ho kunne hekle ein dåpskjole som tålte å bli vaska og kunne brukast mange gonger.

Dåpskjolen er klar. Den er hekla i rein bomull og har to sett med silkeband, lyse blå og rosa. Dåpskjolen ligg på kyrkjekontoret på Valen og er til gratis utlån. Ta kontakt på tlf 90 53 19 10 eller post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no dersom de ynskjer å nytte dykk av dette tilbodet. For å melde barnet opp til dåp, går de til påmeldingsskjema for dåp.

Velkomne til dåp!
Jan Ove Totland

Tilbake