Orientering om utfylling


Når ein melder inn til dåp må ein og laste opp og legge ved fødselsattest for barnet.

For å starte utfyllinga treng du eit personnummer. Dersom de ikkje har barnet sitt personnummer enno, tek de kontakt med kyrkjekontoret. Tlf.: 90 53 19 10 eller send ein mail til post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no  

Litt ut i påmeldinga skriv de inn eit mobilnummer og vil deretter motta ein kode på sms for å gå vidare i prosessen.

Velg kyrkje og den datoen de ynskjer å ha dåp. I første omgang er det nok å fylle ut namn på barnet og kontaktinformasjon til foreldre. Har de ennå ikkje bestemt namn på barnet, kan de likevel sende påmeldinga.

Når de skal melda til dåp skal de og oppgi kven som skal vera fadrar til barnet. I den samanheng minner me om kven som kan vera fadrar: Ein fadder skal vera over 15 år og som hovedregel døypt medlem av vår kyrkje. Medlemmer av andre kyrkjesamfunn kan vera fadrar så lenge dei aksepterer barnedåp. Dette kan avklarast med presten i dåpssamtalen.

Etter at dato for dåpen er bekrefta, kan de seinare gå til "Eg vil opne ei registrering", og oppdatere innhaldet med til dømes fadrar. Bruk same person - og telefonnummer som ved første innlogging.

Meir info om dåp finn du på www.kyrkja.no