VIKTIG INFO!
NB! EIN MELDER SEG AV DERSOM EIN IKKJE KAN VERA MED
Alle konfirmantane er altså i utgangspunktet påmeldt, sidan det er ein del av opplegget ein har meldt seg på. Dei som av ein eller annan grunn IKKJE kan vera med, må gi beskjed innan tirsdag 1. september på mail til jan.ove.fagerheim@kvinnherad.kommune.no
Ved avmelding utan gyldig grunn etter tirsdag 1. september, må ein betala kr. 500,-.
BETALING
For overnatting m/ fullpensjon 2 døgn, reis, aktivitetar og opplegg betaler de kr. 2.000,-. (Søskenmoderasjon: Kr. 250,- per person.)
Dette vert betalt på giro som de får tilsendt i eigen mail i august.
Betalingsfrist på fakturaen vert tirsdag 1. september.
NB! Ikkje vær redd for å gi beskjed om de ynskjer delbetaling, eller t.d. utsette 1 mnd, så ordnar me det!
Dette og kan du gi beskjed om ved å svare på denne mailen.
ROMØNSKER
Innan tirsdag 1. september sender konfirmantane eller føresette mail til jan.ove.fagerheim@kvinnherad.kommune.no om kven dei ynskjer å bu på rom med, så skal me gjere så godt me kan slik at alle får ligge på rom med minst éin av dei som dei ynskjer. Skriv både fornamn og etternamn både på konfirmant og dei ein ynskjer å bu med. På Brandøy er det 3- og 4-manns rom. Flott om alle kan gi ei tilbakemelding om dette, så er det lettare for oss når me skal legge kabalen med romplassering. Rom-fordelinga vert presentert når me kjem fram til Brandøy. Dette er fordi det nesten kvart år har kome endringar på listene, også tett innpå avreise.
REISE
Alle konfirmantane møter på Sydnes, og så har me bestilt transport frå Utbjoa til Brandøy, slik at me ikkje risikerer at bussen ikkje kjem med på ferja. Me reknar med at de kan samordne køyring. Dersom dette absolutt ikkje lar seg gjera, så ta kontakt.
VELKOMEN
Så kan me berre nok ein gong ønske alle konfirmantane frå Fjelberg/Eid og Husnes/Holmedal velkomne til ei fantastisk helg på Brandøy!
Ha ei fantastisk veke vidare!
Med helsing
Jan-Ove Fagerheim