Hjartebank i Valen kyrkje


Husnes og Holmedal sokneråd inviterer til temakveld i Valen kyrkje torsdag 3.november kl. 19.00.

Hit kjem tidlegare SV-politikar, sosionom, fagforeiningsaktivist og målkvinne Oddny Miljeteig.

Innhaldet i foredraget hennar er i store trekk henta frå boka "Hjartebank - historia om Oddny Miljeteig" som er ført i pennen av journalist Kjersti Mjør. Men denne torsdagskvelden er det hovudpersonen sjølv som fortel om sitt mangfaldige liv frå den gode oppveksten i veglause grenda Tøsse i Åkrafjorden til ei aldrande kvinne som enno har sterke meiningar som ho formidlar klårt og tydeleg i eit saftig og dygleg vestlandsspråk.

I tillegg til å høyra på denne engasjerte dama får du song og enkel servering på kjøpet.

For Husnes og Holmedal sokneråd
Toril Tjelmeland

Tilbake