Etter meir enn 28 år som kyrkjelydssekretær og klokkar, er Oddbjørg Heimark no blitt pensjonist.
Dette vil vi markera! Dei sokneråda ho har jobba mest i, Ænes, Kvinnherad og Uskedal, vil laga til fest for ho.
23. oktober blir det fyrst gudsteneste i Kvinnherad kyrkje kl. 17.00, der 4-, 5- og 6-åringane er særskild inviterte. Borna vil få si servering i kyrkja, medan festen for Oddbjørg blir nede på Rosendal Bedehus like etter gudstenesta, ca kl 18.00. Det blir pølsefest (etter ynskje frå Oddbjørg!), kaffi og kaker. Det blir lett underhaldning og helsingar til Oddbjørg på bedehuset.
Vi ynskjer alle som vil takka Oddbjørg for tenesta, hjarteleg velkomne til denne markeringa!
Sjå annonse i avisa.
For Kvinnherad sokneråd
Berta Haugland