Husnes og Holmedal sokneråd inviterer til songkveld torsdag 29.9. kl. 19.00 i Valen kyrkje.
Me høyrer innimellom at salmane som vert brukt i kyrkja er ukjente. Denne kvelden skal me syngja saman både kjende og ukjende salmar. Organist Eva Megyesi vil spela til. Så vil me og fortelja litt om opphavet til dei ulike salmane. Litt om forfattaren og tankane til vedkomande då han/ho skreiv salmen. Midtveis i syngjinga blir det smak av eplesekt og frukt frå Hardanger og ein god prat.
Håpar mange har lyst å koma innom Valenkyrkja denne kvelden. Syng, syng, syng og ver glad, syng med den stemma du har, kan vera motto for kvelden.
På vegne av Husnes og Holmedal sokneråd
Liv slettemark