Solveig Andsnes og Øystein Folkedal kjem endeleg til Halsnøy etter at forrige konsert dessverre vart avlyst grunna Covid-restriksjonar.
Konserten i Eid kyrkje fredag 23. september kl 19.30 inneheld eit variert repertoar, med alt frå viser, musikalsongar til soul. Dei ser fram til å komme til Halsnøy for ein underhaldande og stemningsfull konsert til ettertanke denne haustkvelden.
Om artistane:
Solveig Andsnes er født og oppvokst på Karmøy, busett i Oslo. Som utøvar, arbeider Andsnes sjangeroverskridande innan song, dans og skodespel, dette har gjort at musikkteater er eit kunstområde ho har markert seg tydeleg ved fleire anledningar. Ho har i løpet av si tid som utøvar jobba ved ei rekke teater, mellom anna Trøndelag teater, Agder teater og dei siste åra har ho hatt fleire roller ved Oslo Nye. Det neste året spelar ho teater både på Folketeateret og Oslo Nye Teater hvor ho m.a. spelar i musikalen "Så som i himmelen".
Øystein Folkedal er og født og oppvokst på Karmøy. For tida studerer han på Norges Musikkhøgskole der han tar Bachelorstudiet i utøvande jazz/improvisasjonsmusikk på piano. Folkedal er ein pianist som finn glede i å delta kunstnerisk i mange ulike sjangre. Til vanleg speler Folkedal i ulike ensembler. Han speler gjerne alt frå eksempelvis progressiv rock til pop og vise-inspirert jazzmusikk. Folkedal lever som freelance-musikar i Oslo-området i tillegg til studiet.
Velkommen!
Billettar: https://pameldinger.no/e/twvwha eller med Vipps ved inngangen.
Bill.pris: kr 250,-
Barn under 18 år kan kjøpe billett ved inngangen til kr 200,-