Babysong hausten 2022


Velkommen til Babysong på Rosendalstunet og i Valen kyrkje. Her finn du datoane.

Babysong har blitt eit populært tiltak. Det er mange som synes det er veldig kjekt og meiningsfullt å gå på dette med barnet sitt. Her kan ein synge, eller lytte til song og musikk, saman med babyen sin.

Vi samlast onsdagar frå kl. 11.00 – 12.30, vekselsvis på Rosendalstunet og i Valen kyrkje. Sjå datoar under her.

Vi har ei songstund der vi samlast i ein ring på matter på golvet og syng songar og regler i lag. På Rosendalstunet samlar dei eldre seg rundt oss og gleder seg stort over å sjå babyane.

Etter songstunda har vi det sosialt over ein kaffi-/tekopp og noko å bita i.

Kyrkjekontoret sender invitasjon til medlemene våre i dei aktuelle områda. Er det andre som har lyst til å vera med er det berre å invitera dei. Vi får ikkje informasjon om barnet før de melder inn til dåp, så det er kjekt om de snakkar saman om tilbudet. Me har god plass!

Kom og bli med!

Med venleg helsing

Kristine Hestad, trusopplærar
Tlf.: 971 95 370
Toril Langeland, trusopplærar
Tlf.: 909 58 898

Tilbake