God stemning i Ferjevågen på Varaldsøy
Endeleg kunne vi samlast for å feira Skaparverket! Omlag 50 små og store samla seg i vakre Ferjevågen på Varaldsøy. Der fekk dei boltre seg i kano, grilla og bada i sjøen. Vatnet var "kokvarmt" denne første juni-dagen. Det var òg konkurransar å prøva seg på. I "Støvelkasting" skal du stå med kroppen vendt mot den retningen du kastar, så bøyer du ryggen framover. Støvelen skal mellom beina og over ryggen. Her var det fleire som overaska både publikum og seg sjølv med ein framifrå teknikk!
Vi fekk høyra om då Paulus og Silas sat i fengsel. Midt på natta mens dei song lovsongar kom eit jordskjelv og lenkjene opna seg. Men dei rømde ikkje. Den natta fekk heile familien til fangevaktaren høyra om Jesus og dei vart døypte.
Takk til Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy sokneråd for godt samarbeid!