I samband med det årvisse kyrkjesøndag-arrangementet 1. pinsedag arrangerer Åkra bygdalag og Åkra sokneråd kyrkjekonsert med Tom Roger Aadland like etter gudstenesta.
14.00 Gudsteneste
15.00 Konsert med tom Roger Aadland
I år er me så heldige å få vitjing av den kritikarroste artisten, poeten og låtskrivaren Tom Roger Aadland, opphavleg frå Vikebygd i Vindafjord. Han har gitt ut mange album til strålande kritikkar, aller mest kjend er han nok for sine eminente gjendiktingar av Bob Dylan sine tekstar til nynorsk.
Søndag 5 juni held han konsert i Åkra kyrkje, og har du høve til å ta turen, er det vel verdt det!
Rockepoeten Tom Roger Aadlands nye album «Motgift» har hausta strålande kritikkar. «Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter på egen hånd», skriv Aftenposten. Vårt Land kallar albumet «en hestekur mot likegyldighet og overfladiskhet», Stavanger Aftenblad, «en reseptfri kur mot det vonde». Dagsavisen meiner «det hadde vært på sin plass at Bob Dylan spilte inn disse sangene på engelsk». Klassekampen omtalar albumet som «det beste Aadland noen gang har gjort».
Det førre studioalbum hans «Songfugl» fekk også ei flott mottaking, og singelen «Alle dei i ei» blei mykje spelt på norsk radio. Dei to siste åra har Aadland sine Dylan-gjendiktingar gjort suksess på Det Norske Teatret i framsyninga «Vikla inn i blått». Dobbeltalbumet «Blondt i blondt» blei kåra til årets album av P1 Norsk på norsk då det kom ut. Aadland er også kjent som tekstforfattar for Vamp og Hellbillies,.
Dylan-gjendiktingane hans har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan sunge av Aadland det musikalske ønsket hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Han var også blant dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Dylan fylte åtti. Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen.