Fjelbergstemnet 2022


Fjelberg og Eid sokn, i samarbeid med Misjonsalliansen, ynskjer velkomne til  Fjelbergstemnet  2. pinsedag, 6. juni.

Med unnatak av dei 2 siste åra, har det i vel 40 år vore misjonsstemne på Fjelberg i samarbeid med Misjonsalliansen. Organisasjonen vart grunnlagt i 1901, og driv diakonale misjons- og utviklingsprosjekt i Bolivia, Ecuador, Brasil, Liberia, Sierra Leone, Kambodsja, Filippinene, Vietnam og Kina. www.misjonsalliansen.no

Misjonsalliansen sin fyrste utsending – Ludvig Eriksen, budde i prestegarden på Fjelberg nokre månadar på 1880-talet. Opphaldet her vart svært viktig. Eriksen fekk nye krefter og hjelp til å finna livsvegen vidare.

Det vert gudsteneste i Fjelberg kyrkje på føremiddagen. Deretter vert det sal av middag og kaffi i prestegarden før ettermiddagsmøtet i kyrkja. Talar frå Misjonsalliansen er Sverre Vik. Christine Bjørnevik, musikkstudent, syng både på gudstenesta og ettermiddagsmøtet. Gudstenesta vert leia av sokneprest Carsten Mrusek og ettermiddagsmøtet vert leia av prost Svein Arne Theodorsen. På begge samlingane vert det høve til å gje misjonsoffer til Misjonsalliansen.

Det går ferje frå Utbjoa, Sydnes og Borgundøy med retur etter stemnet. Frå Leirvik er det sett opp ekstraskyss.

Hjarteleg velkomne til Fjelbergstemnet!

Svein Arne Theodorsen
Prost i Sunnhordland

Tilbake