Påskebodskapen i ord og tonar


Etter 2 år med unntakstilstandar både i kyrkja og elles i samfunnet, gler vi oss i år til å kunne markere påska ved mellom anna å samlast i kyrkjene våre! I tillegg til gudstenester inviterer kyrkja i Kvinnherad også til påskekonsertar og Langfredagssamling.

Torsdag 7. april kl. 19.00: Påskekonsert i Eid kyrkje
Mandag 11. april kl. 18.00: Påskekonsert i Kvinnherad kyrkje
Langfredag 15. april kl. 20.00: Langfredagssamling i Husnes kyrkje

Torsdag 7. april kl. 19.00: Påskekonsert i Eid kyrkje
Alle god ting er tre, blir det sagt, og det kan passe å minne om i denne samanhengen. Sissel og Terje Sørensen frå Hiskjo, har no  nemleg for tredje år på rad førebudd seg på Påskekonsert i Eid kyrkje. I år vonar og trur vi at konserten vert ein realitet!

Mandag 11. april kl. 18.00: Påskekonsert i Kvinnherad kyrkje
Song av kvartetten "ÆRE". Orgel v/ kantor Eva Megyesi. Solosong v/ Rebekka Attramadal og andre aktørar.

Langfredag 15. april kl. 20.00: Langfredagssamling i Husnes kyrkje
Dette er ein lang og god tradisjon. Ei samling som korkje er prega av sol eller snø og ski, men som skal hjelpe oss til å vende fokus mot Han, som ved sin død, bygde bru mellom oss og Gud! Mange av oss treng litt hjelp nettopp til dette, midt i all påskekosen elles!

Mykje fin musikk og song er skapt med bakgrunn i  det som skjedde Langfredag. I år kan vi gle oss til å høyre  Mari Bjelland frå Sunde, ei ung jente som er utrusta med ei vakker stemme, og samtidig ei fin evne til å formidle det ho syng!

Tekst er viktig på Langfredag! Den gamle forteljinga om Jesu liding og død, er slitesterk nok til å lesast igjen og igjen. I år vil Kristine Hellås og Åse Selsvold dele desse tekstane mellom seg. Toril Sortland vil gjennom eit utval av dikt, og på sin unike måte, få formidle det Jesus gjorde for oss alle!

Bilde på storskjerm har og i alle dei åra tradisjonen har vart, fått understreka det som vi får høyre. I tru på at dette framleis er ein god måte, arrangerer igjen Jan-Ove Fagerheim bilete på veggen, som vi kan «kvile auga» på!

Velkomen til kvar og ein – til nok ei Langfredagssamling i Husnes kyrkje!

Tilbake