Sokneråda inviterer til salmekveldar der du kan få syngja kjente og kjære salmar og læra nokre nye. (Torsdag 31. mars og torsdag 7. april.)
Valen kyrkje torsdag 31. mars kl. 19.00
Ølve kyrkje torsdag 7. april kl. 17.30
Eva Megyesi er organist desse kveldane. I salmeboka er det mange songskattar. Gamle og nye. Denne kvelden vil me dukka ned i nokre av desse. Me vil fortelja litt om dei ulike salmane. Kanskje kan me oppdaga noko nytt i dei gamle, og læra nokre nye tonar.
No trur du kanskje at denne kvelden ikkje er noko for deg som ikkje syng. Då tek du feil. Du som ikkje syng har høve til å konsentrera deg om tekstane og lytta på oss som syng. Kanskje du får lyst å syngja med og?
Etter ei god songøkt blir det kveldsmat og sosialt samvær i sjøsalen på salmekvelden i Valen kyrkje.
Me sjåast!!