Kyrkjelydsblad for alle sokna i Kvinnherad


Med bakgrunn i vedtak i Fellesrådet tek abeidet til med nytt felles kyrkjelydsblad for alle sokna i Kvinnherad. Redaksjonsnemnda har hatt sitt fyrste møte og ein legg opp til at bladet skal vera ute alt til påske.

Ein kjem sannsynlegvis til å halda på namnet "Kyrkjelydsbladet" med undertittel "- for alle sokna i Kvinnherad kommune.". På bilete ser vi redaksjonsnemnda f.v.: Airin Helene Zimmer (Ølve), Jan-Ove Fagerheim (koordinator og redaktør), Sjur Tjelmeland (Husnes og Holmedal), Reidar Algerøy (Kvinnherad), Kristian Bringedal (Uskedal) og Rita Isdal Cunningham (Fjelberg og Eid),

Kvinnherad har til no ikkje hatt noko felles kyrkjelydsblad, slik dei har m.a. på Stord og i Ullensvang. Ei tid hadde Uskedalen eit blad saman med det som var Kvinnherad prestegjeld – "Over fjorden". Fjelberg og Eid prestegjeld hadde sitt blad og Husnes prestegjeld hadde sitt. Etterkvart vart og Fjelberg/Eid og Uskedal sokn og innlemma i bladet for Husnes og Holmedal sokn. No er tida klar for eit felles kyrkjelydsblad for heile kommunen.

Sannsynlegvis kjem bladet til å komme ut med 3 eller 4 nr i årt, og kostnadane vert fordelt mellom alle dei ulike sokna etter prosentvis del av folketalet.

Vi håpar og at redaksjonsnemnda sitt arbeid skal føra til endå fleire bilete og artiklar både på kyrkja si heimeside og på Facebook.

Tekst/nett: Kristian Bringedal/Jan-Ove Fagerheim
Foto: Torstein Aarthun/Kristian Bringedal

Tilbake