Har du begynt på skulen i år?
Skulestart er ei viktig hending i familien, både for born og vaksne. Vi ynskjer at skuletida skal vera god for borna, at dei skal veksa og trivast. Skulestartmarkering i kyrkja er eit tilbod til alle. Vi ynskjer å setja fokus på at borna er heilt 1. klasses og at Gud bryr seg om deira kvardag.
Med hensyn til smittevern har vi delt opp i fleire samlingar:
Eid kyrkje onsdag 1. september kl. 17.30 - (Påmeldingsfrist 30. august)
Valen kyrkje tirsdag 7. september kl. 17.30 - (Påmeldingsfrist 5. september)
Kvinnherad kyrkje tirsdag 14. september kl. 17.30 - (Påmeldingsfrist 12. september)
Dei som blir med på Skulestart-gudstenestene skal få boka "Tre i eit tre". Boka handlar om Erlend, Tuva og Stian, og alt dei opplever når dei er 6 år. Dei har eit hemmeleg tre, finn kamelspor i snøen, lurer på kven Jesus er, og mykje anna.
Dersom du ikkje har høve til å komme, kan du likevel få boka ved å ta kontakt med Kyrkjekontoret i Kvinnherad, Telefon: 905 31 910 (ikkje SMS).
VELKOMMEN!
