Oppstart av søndagsskulen


Oppstart av søndagsskulen


Båtbygging i Steinparken i Rosendal

Endeleg kunne søndagsskulen starta opp igjen! Strålande sol frå blå himmel møtte oss i Steinparken. Ein perfekt dag for å samlast utandørs. Alle barna fekk såpebobler i velkomst gåve.

Vi reiste tilbake i tid til Genesaretsjøen. Her møtte vi Jesus som underviste folket frå ein båt ved stranda. På Jesu ord la Simon Peter ut på djupet for å kasta garnet på nytt. Sjølv om dei hadde fiska heile natta, utan å få noko. For ein fangst! Dei måtte ropa inn til stranda og be den andre båten komma ut. To smekkfulle båtar med fisk! Gjett om fiskarane vart overaska! Frå den dagen følgde dei Jesus.

Etterpå bygde alle barna kvar sin båt. Her var det mange dyktige båtbyggjarar! Dei spikka seg master, festa segl og spikra rekkverk. Det vart mange flotte båtar. Fleire av båtane vart testa i bekken i Steinparken!

Tilslutt var det utdeling av Barnas (søndagsskule-blad) og gåve til 5-åringane. Vi åt niste ilag. Takk til alle de som kom,  og gjorde dette til ei super samling!

 

 

Tilbake