Bli med på tur


I over 7 år har me invitert til Pizzakveldar for heile stor-familien i Valen kyrkje. Ufatteleg mange kjekke folk har vore innom samlingane i løpet av desse åra. På Pizza-kveldane ser me at born, ungdom, voksne og eldre koser seg saman. Me opplever eit godt fellesskap!

Like over nyttår, nærare bestemt lørdag-søndag 17.-18. februar, vil me prøve oss på noko nytt. Då inviterer me heile stor-familien med på tur til Brandøy. 

Å reisa på tur saman er sosialt og kjekt, og me håpar at mange har både lyst og mulighet til å vera med på denne overnattingsturen. Då har både store og små ein mulighet til å knyta nye bekjentskap og prate og gjere kjekke ting saman. 

På Brandøy er det rom med dusj og toalett, matsal, peisestove, møtesal og gymsal, alt på eitt plan. 

Løgnassane har nokså sikkert teke turen, og me vil ha ulike aktivitetar både ute og inne, samt samlingar med song, leik og andakt. Det vil og verta god tid til å berre slappe av 
og slå av ein prat over ein kaffikopp. Om kvelden vil me organisere eit barnevakt-opplegg i sovefløyen. 

Set av datoane allereie no. Så håpar me at me kan bli ein god gjeng som samlast på Brandøy desse to dagane!

PÅMELDING HER >>>
BROSJYRE laster du ned HER >>>


Mvh Pizzakveld-komiteen

Tilbake