Temakveld i Valen kyrkje


Temakveld i Valen kyrkje


Arne O Øystese fortel om arbeidet som sjømannsprest før og no.

Me er mange som har vitja ei sjømannskyrkje når me har vore på reis. Mange har gode minne frå slike besøk. Dufta av nysteikte vafler og nytrekt kaffi. Eit godt handtrykk frå ein som har ynskt oss velkommen. Er du gamal sjømann kom du til kyrkja og fekk lesa aviser heimafrå. Du kunne ringja heim. Sjølv hugsar eg gleda over å finna Hordaland folkeblad og Grenda i avishylla då eg arbeidde i Trinidad på 70-talet.

Torsdag 24. februar kl. 19.00 får du møta prost emeritus Arne O Øystese i Valen kyrkje. Han vil fortelja om arbeidet som sjømannsprest før og no. Han har lang fartstid som sjømannsprest, heile 12 år. Etter åra som sjømannsprest var han prost i 20 år i Sauda.

Som pensjonist er han ein etterspurt prestevikar både i lokalmiljøet og som sjømannsprest. Arne O Øystese er kjent som ein god formidlar. Alltid med glimt i auga og ein munter historie. Me gler oss til å høyra han.

Også denne kvelden vil me syngja litt saman. Me serverer ein enkel og smakfull kvelds etter kåseriet. Kjekt om du vil koma. Me prøver å få til sjømannskyrkjestemning, men utan vafler denne gongen. Men kaffi vil det bli til maten.

Vel møtt gamal og ung og du som er midt i mellom!!

For Husnes og Holmedal sokneråd

Liv Slettemark

Tilbake