Temakveld i Uskedalen


Uskedal kyrkje, onsdag 10.nov. kl. 18.00. "Frå tysk katolisisme til norsk lutherdom" v/ Carsten Mrusek

 

Med normal drift legg Uskedal sokneråd opp til Temakveld onsdag 10. november kl. 18.00. Tema er: Frå tysk katolisisme til norsk lutherdom. Føredragshaldar er Carsten Mrusek, nyleg tilsett som sokneprest i soknene Eid og Fjelberg. Fram til dags dato har Mrusek vore sokneprest i vikariat i Uskedalen. Med på samlinga vert Reidar Algerøy, tidlegare organist i Kvinnherad. Mange kjenner Algerøy frå teneste i Uskedalen, ikkje minst frå salmekveldar i kyrkja for over 10 år sidan. Han vil spela til nokre utvalde salmar og det vert lagt inn ei kort øving i ny liturgisk musikk.

Carsten Mrusek kjem frå Bremenområde i Tyskland, har teologisk utdanning og har praktisert i Tyskland før han flytta med familien til Noreg med bustad i Jondal. No flyttar familien til Kvinnherad, inn i nyleg kjøpt av hus i Dimmeslvik.

Carsten Mrusek legg opp til eit fritt føredrag i Uskedalen med høve til stilla spørsmål og koma med merknader. Stikkord for føredraget er:

  • Biografi – også det som kalla åneleg biografi
  • Kall
  • Konvensjon – overgangen frå katolisisme til lutherdom
  • Prestetenste
  • Litt om livet i eit ordensfellesskap – kloster

Uskedal sokneråd inviterer alle til kyrkja denne kvelden. Det er høve til å gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet ved utgangen eller med VIPPS: 131504

Vi syng nokre utvalde salmar og øver på ny liturgisk musikk v/ Reidar Algerøy og Kristian Bringedal

Gratis inngang.

Tilbake