Nytt år med nye treffpunkt


Føremiddagskafé i Valen kyrkje kvar tredje onsdag i månaden: 18. januar, 15. februar og 15. mars.

Husnes og Holmedal sokneråd har siste året laga til kyrkjekafe i Valen kyrkje den tredje onsdagen i månaden. Det har vore trivelege sosiale samlinger. Det har vore mellom ca 4 - 20 personar innom. Vaflene har smakt godt. Nokon har teke med strikketøy, andre nistepakke. Det er ikkje lagt opp til noko program anna enn å kunna møtast, om lag slik det er på sjømannskyrkjene rundt omkring. Ein kan stikka innom ei lita stund eller vera saman heile opningstida.

Tre onsdagar i vår, mellom kl. 11 og 13, steikjer me vafler og kokar kaffi/te i sjøsalen i Valen kyrkje. Her er plass for deg som har ei ledig stund på føremiddagen, ung eller gamal.

Velkommen innom!

For Husnes og Holmedal sokneråd
Liv Slettemark

Tilbake