Føremiddagskafé i Valen kyrkje onsdag 16. oktober og 20. november.
Husnes og Holmedal sokneråd har i ein del år laga til kyrkjekafe i Valen kyrkje den tredje onsdagen i månaden. Det har vore trivelege sosiale samlinger. Det har vore mellom ca 4 - 20 personar innom. Vaflene har smakt godt. Nokon har teke med strikketøy, andre nistepakke. Det er ikkje lagt opp til noko program anna enn å kunna møtast, om lag slik det er på sjømannskyrkjene rundt omkring. Ein kan stikka innom ei lita stund eller vera saman heile opningstida.
Tre onsdagar i haust, mellom kl. 11 og 13, steikjer me vafler og kokar kaffi/te i sjøsalen i Valen kyrkje. Her er plass for deg som har ei ledig stund på føremiddagen, ung eller gamal.
Velkommen innom!
Husnes og Holmedal sokneråd