Føremiddagskafé i Valen kyrkje


Onsdag 20. oktober kl. 11-13 vert det vafler, kaffi og prat i Valen kyrkje.

 

I min ungdom arbeidde eg som husmor på sjømannskyrkja i San Fernando i Trinidad i Karibien. Då steikte eg vafler, laga kaffi og prata med sjøfolk store deler av dagen. I kyrkjehagen svaia palmene over bassenget. Temperaturen haldt seg jevnt over på 30 C.gr +. I hagen voks appelsiner og spanande tropiske vekstar. Sjøfolk frå mange nasjonar kom til kyrkja. Ein og annan frå den vesle skandinaviske kolonien stakk og innom. Vaflene var populære og praten gjekk på mange tungemål. Døra til sjømannskyrkja var open frå kl. 8. om morgonen til siste sjømann gjekk om bord om kvelden.

Sjømannskyrkja, vafler og kaffi  trur eg  har vore i tankane til Husnes og Holmedal sokneråd  då me i haust bestemte oss for å prøva ut å ha kyrkjekafé i Valen kyrkje. Det er planlagt tredje onsdag i månadane framover frå kl. 11. – kl.13.00. Me kan ikkje lova 30 gr. varme og palmesus, men me håpar vafler og kaffi vil smaka like godt  som på sjømannskyrkja.

Me legg opp til at folk kan stikka innom, smaka på vaflene og kaffien og få ein prat. Kanskje bli kjent med nokre nye. Det blir ikkje noko program, men meir som ein kafe der ein kan koma og gå når ein ynskjer. Du som er heime med baby, du som er arbeidsledig, du som er pensjonist, du som vil ta lunchen i kyrkja og alle som har tid på føremiddagen. Kvar og ein er ynskt velkomen.

For Husnes og Holmedal sokneråd
Liv Slettemark

Tilbake