Ny felles liturgi for heile Kvinnherad


Her kan du verta kjend med den nye liturgien som vi satsar på skal bli felles for heile Kvinnherad. Oversikt over liturgien og linkar til Bønerop/Kyrie og Lovsong/Gloria finn du her, slik at du kan øve heime.

 

>>> LINK til Bønerop/Kyrie

>>> LINK til Lovsong/Gloria

 

Ordning for gudsteneste i sokna i Kvinnherad.

*Vi står. L=Liturg. A=Alle. ML= Medliturg.

 

I Samling

1  Førebuing: Klokkeringing

*2 Preludium/ *Inngangssalme
(Står under preludiet ved inngangsprosesjon)

*3  Helsing
Kyrkjelyden set seg.
Kort informasjon om gudstenesta.

4  Samlingsbøn
ML |……………….. Gud, vi bed.
A | Amen

5  Syndsvedkjenning

Her, eller som ledd 17.

L | Lat oss bøya oss for Gud og be om tilgjeving.
A | Gud, ver meg nådig!
Tilgjev meg mi synd for Jesu Kristi skuld. Skap i meg eit reint hjarte, og gjev meg kraft til nytt liv ved din heilage Ande.
L: Lovnadsord

6 Kyrie
A | Kyrie eleison. Miskunna deg over oss. Kriste eleison. Miskunna deg over oss. Kyrie eleison. Miskunna deg over oss.

7 Gloria/lovsong
L/ML | Ære vere Gud i det høgste
A | og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i. Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg. Ved kort form: Amen.

Ved fullstendig form (Laudamus):

ML | Lova vere Gud, vår skapar, vi jublar over dine verk.
K | Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg.
ML | Lova vere Jesus, vår frelsar, du viser oss vegen til liv.
K | Vi lovar deg, vi prisar deg, ...
ML | Lova vere Anden, vår trøystar, du fyller oss med glede og fred.
K | Vi lovar deg, vi prisar deg….. Amen.

Dersom dåp, sjå nederst.

8 Dagens bøn (kan vere med)

II       Ordet
L/ML | Lat oss høyra Herrens ord.

9       Første lesinga

10     Bibelsk salme / Salme / Musikkstykke / Stille stund

11     Andre lesinga

*12  Evangelium
Før og etter lesinga syng vi
Salme nr 977.4: Halleluja, halleluja, halleluja.

13  Preike

Når det ikkje er dåp:
*14  Truvedkjenning credo
ML/L | Lat oss vedkjennast vår heilage tru.
A | Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den heilage ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

Den apostoliske truvedkjenninga

15     Salme

16     Kunngjeringar

17     Syndsvedkjenning

Her eller som ledd 5.

L | Lat oss bøya oss for Gud og be om tilgjeving.
A | Gud, ver meg nådig!
Tilgjev meg mi synd for Jesu Kristi skuld. Skap i meg eit reint hjarte, og gjev meg kraft til nytt liv ved din heilage Ande.

L: Lovnadsord

18  Forbøn for kyrkja og verda
Kyrkjelydssvar:
A | Herre, høyr vår bøn….. Amen

19 Takkoffer frå kyrkjelyden
Ofringa blir avslutta med bøn.

III     Nattverd

20  Førebuing av måltidet

Nattverdssalme

*21 Takkseiing og bøn
L syng eller seier | Herren vere med dykk.
K reiser seg og syng | Og med deg vere Herren.
L | Lyft dykkar hjarte.
K | Vi lyfter våre hjarte til Herren.
L | Lat oss takka Herren vår Gud.
K | Det er verdig og rett.

Innleiande lovprising PREFASJON

Heilag SANCTUS

A syng | Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. All jorda er full av din herlegdom. Hosianna i det høgste. Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste.

Innstiftingsorda Verba

Bøn

Fadervår

Blir sagt fram eller sunge.

A | Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.

*22  Nattverdsmåltidet
Kyrkjelyden står heilt til dei første går fram til nattverden.
Fredshelsing PAX
L seier | Guds fred vere med dykk.
K | Guds fred vere med deg.

Brødsbryting (kan vere med)

L | Brødet som vi bryt, gjev oss del i Kristi kropp. Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp.

Du Guds Lam AGNUS DEI
A syng | Du Guds Lam, som ber all verdsens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds Lam, som ber all verdsens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds Lam, som ber all verdsens synder, gjev oss din fred.

Utdeling/nattverdmåltidet

23  Avslutning av måltidet. Takkebøn. A| Amen.

IV     Sending

*24  Salme

*25 Velsigning
Lovprising BENEDICAMUS
L/ML syng eller seier | Lat oss prisa Herren.
A | Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja.

L syng eller seier | Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred.

Kyrkjelyden kan syngja:
K | Amen. Amen. Amen.

Tre gonger tre bøneslag

26  Utsending

Postludium (sit under postludiet når det ikkje er utgangsprosesjon)

------------------------------

Ved dåp

Forsakinga og trua

A: Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen.

Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den heilage ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

Fadervår

A | Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.

Dåpsalme

Tilbake