Boklansering


Visste du at det har blitt skrive bok om Ove Tvedt? Mandag 27. sept kan du møta både han og forfattaren Marit Lindeleiv i Valen kyrkje. Og så blir det mini-konsert.

 

PROGRAM:
- Boklansering "For at andre skal ha det litt betre" - Pris kr. 300,-. Overskotet går til MaMa Children på Filippinane.

Mini-konsert:
- Saxofon v/ Audun Tvedten
- Piano v/ Marit Lindekleiv
- Solosong v/ Jan Ove Totland

Konferansier Torstein Aarthun

Dette seier Marit sjølv om prosjektet: "– Dette har blitt ei historie om livet til Ove, frå barndom av og fram til i dag. Samstundes ønskte eg at boka skulle få fram kva som er drivkrafta til Ove, altså kva som ligg til grunn for alt det han har bidrege med til samfunnet, som til dømes å bygga sel, jobba for ungdommen eller driva med hjelpearbeid på Filippinane. Dei einskilde engasjementa til Ove er viktige på kvar sine måtar, og bak ligg det eit ønskje om å gjera noko for andre. Håpet er at lesarar i alle aldersgrupper kan bli inspirerte av dette engasjementet, smiler ho."

Heile stykket kan du lesa på www.kvinnheringen.no (abb.)

Foto av Ove og Marit her på sida: Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen.

Tilbake