Velkommen til Babysong kl.11 00 – 12 30 i Valen kyrkje
16. og 30. september
28. oktober
11. og 25. november
Syng eller lytt til songen saman med babyen din!
Babysong har blitt eit populært tiltak. Det er mange som synest det er veldig kjekt og meiningsfullt å gå på med barnet sitt.
Sangstunda er fra ca kl 11.30 – 12.00. Du kan sjølvsagt komma og gå når det passar deg og babyen.
Vi samlast i ein ring på matter på golvet, vi tenner lys for kvart barn og syng songar og regler i lag. Du kan gjerne ta med eit teppe som barnet ditt kan ligga på.
Etterpå får vi kaffi/te. Ta med niste.