Konsert


Mandag 20. september kjem Ingebjørg Andrea Ådnanes og Simon Madsen og held konsert i Valen kyrkje.

 

Mandag 20. september kl. 20.00
Valen kyrkje
>>> BILLETTAR >>>

Ingebjørg Andrea Ådnanes vaks opp på Karmøy, og er i dag busett på Bømlo. Ingebjørg har ei enorm stemme, med ei spesiell formidlingsevne og ei sterk personleg historie å fortelja. I tillegg har Ingebjørg eit vesen som publikum berre vert glad i. På konsertane hennar er avstanden frå våte augekrokar til latter relativt kort.

Ho har tidligare samarbeidd med Hanne Krogh, og no i år har ho vore med Hanne Krogh og Aleksander Rybak på turné som korist.

Ådnanes var med i Team Hanne i «Det store korslaget», kom til semifinalen i «Idol» og har jobba med store artistar og band som Vamp, Hellbillies, Voice of Joy, og mange fleire. Dette året har ho dessutan vore med på «The Voice» der ho kom til knockout-runden rett før live-sendingane. Ho kom vidare med songen «My Halleluja».

Alt dette starta med ei mor som drog dotter si med på alle bedehus/menigheitar og kyrkjer som var på Karmøy slik at ho kunne synga til unge og gamle.

Simon Madsen vaks opp på Bømlo, og begynte å spela piano allereie som 4-åring. Så starta han på pianoundervisning då han var 6 år, og på klassisk kyrkjeorgel då han var 8 år. Simon skreiv sin fyrste komposisjon då han var 10 år.

I ung alder byrja han å spela til allsangen i den lokale forsamlinga på heimstaden. Allereie frå tenåra spelte han i gudstenester, vigslar og gravferder.

Han har gjennom dei siste åra som frilansmusikar spelt for fleire etablerte artistar som Solveig Leithaug (releasekonsert for «Time»-albumet hennar i Stavanger), Ingrid Leithaug Mjanger (Opelia Hope), Solfrid Brekkå, Bjarte Leithaug, Eivind Skeie og mange fleire.

Madsen har òg lang erfaring som pianist i gospelkor som Zenith, Kenanja, Decor og Bømlo Gospel.

Simon Madsen bevegar seg innan for eit breitt spekter av musikksjangrar og spelar like gjerne klassisk kyrkjeorgel som gospel eller jazz-piano. Dei siste to åra har han hatt eit fast musikalsk samarbeid med Ingebjørg Andrea Ådnanes.

Tilbake