Velkomen som konfirmant 2021/22!


Velkomen som konfirmant 2021/22!


No kan du melda deg på kyrkja sitt konfirmant-opplegg her på heimesida.

I desse dagar inviterer kyrkjelyden din deg som straks er ferdig med 8. klasse til å verta med oss i konfirmasjonstida 2021/2022.

Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår, så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare.

Dersom du ikkje er døypt, kan du likevel vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og så velje om du vil bli døypt undervegs. Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.

Også dette året vil det meste av informasjonen nå i forkant føregå digitalt. Men for konfirmantane frå Hatlestrand, Varaldsøy og Ølve vert det informasjonsmøte/innskriving i Hatlestrand kyrkje tirsdag 8. juni kl. 15.00. Konfirmantane som høyrer til sokna Kvinnherad, Ænes og Åkra har informasjonsmøte/innskriving onsdag 9. juni kl. 15.00.

Invitasjonsbrosjyre, med mykje nyttig informasjon, vart sendt ut no i mai til alle som fyller 14 år i år og er døypte, eller står som tilhøyrande i den norske kyrkja fordi ein eller begge foreldra er medlemer.

Her kan du lesa dei ulike invitasjonsbrosjyrane:
Fjelberg og Eid sokn
Husnes og Holmedal sokn (inkl. Valen)
Uskedal sokn
Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy sokn
Kvinnherad, Ænes og Åkra sokn

NB! Det er ikkje heilt avklart kven som får ansvaret for konfirmantopplegget i Fjelberg og Eid sokn, difor må vi komme tilbake til detaljar for opplegg for konfirmantane her etter sommarferien.

>>>Påmeldingsskjema for heile Kvinnherad kommune finn du HER.
NB! Dersom de har ynskje om ein bestemt dag, er det viktig at de grunngjev dette i kommentarfeltet for at me skal kunne ta omsyn til det!

 

Ta gjerne ein tur innom
Kirken.no - Spørsmål og svar om konfirmasjon

Tilbake