Live-streaming og digitalt ord


I denne artikkelen finn du linkar til live-streaming og digitalt ord for 17. mai

 

>>> Link til digitalt Ord for 17. mai

>>> Live-streaming gudsteneste i Kvinnherad kyrkje 17. mai kl 10.00

Gudstenesta i Kvinnherad kyrkje kl. 10.00 vert streama på internett. Kyrkja i Kvinnherad har og spelt inn ei digital 17. mai-sending med musikalske innslag og ord for dagen. I sendinga, som varer 30 min,  får me eit glimt frå alle dei 12 kyrkjene i kommunen vår. Dei musikalske innslaga er det Eva Megyesi, kyrkjekoret Norsaang, Rebekka Attramadal og Liv Signe B. Ulvestadbakken som står for. Desse er innspelt i Valen kyrkje, Uskedal kyrkje og Kvinnherad kyrkje. Me i kyrkja i Kvinnherad ynskjer med dette å invitera oss inn i kvinnheringane si 17. mai-feiring. Me har all grunn til å feire og kjenne på takksemd for landet vårt, fridomen og dei gode verdiane som samfunnet vårt er bygd på.

Tilbake