Gudsteneste på Kaldestad gamle kyrkjegard


60 årsmarkering!

Kva skal me markera på Kaldestad på Kristi himmelfartsdag? Sjølsagt Kristi himmelfart, men me vil og markera at me hausten 2020 pussa opp den store steinkrossen på kyrkjegarden på Kaldestad.

 

Inskripsjonen «Kristi kross, ljoset på livsferda» lyser mot oss med tydeleg skrift inne på den gamle kyrkjestaden.

Mandag i sist veke fekk eg telefon frå Jostein Haktorson. Han hadde fått program frå innvielsen av krossen som skjedde 11. mai for 60 år sidan. Om eg var interessert i å få det? Det sa eg sjølvsagt ja til. Fyrstkomande Kristi himmelfartsdag, torsdag 13. mai kl. 16.00, skal me markera opp-pussing av krossen og at det er 60 år sidan den vart sett opp. Det blir gudsteneste framfor krossen. Me syng dei same salmane som var på programmet i 1961.

Me satsar på godt og lagleg ver. Ta gjerne med noko å sitja på. Det blir vel og ein kaffitår på kyrkjegarden etter gudstenesta.

Dersom det blir regn vert gudstenesta flytta til Husnes kyrkje.
Vel møtt!

Mvh
Liv Slettemark

Tilbake