Tenk at Sinai fjellet ligg på Ask! Vel, kanskje ikkje, men vi fekk "vera med" Israelsfolket på vandring i ørkenen. Ved Sinai fjellet slo vi leir. Vi følgde spente med når Moses og Aron klatra opp på fjellet. Dei kom ned igjen med 2 steintavler med dei 10 boda.
Etterpå var det tid for leik og konkurransar. Quiz, dart, støvel-kasting og hoppeballar var populært. Vi koste oss med bollar frå soknerådet og medbrakt mat.
Takk til alle som kom gjorde denne ettermiddagen heilt super!
Trusopplæringa