Påskemåltid for heile familien


Feir kristent påskemåltid med heile familien. Det kan bli ein like spennande og flott tradisjon som middagen på julafta. Oppskrift og programhefte finn du her.

 

Programhefte for Påskemåltidet lastar du ned her. >>>

I eit kristent Påskemåltid går ein gjennom den opprinnelege påskeforteljinga frå Egypt. Ein oppdagar kor nær samanheng den har med den kristne påskebodskapen. Gjennom Påskemåltidet vil både barn og voksne få ei spennande oppleving. Påskemåltidet har alltid hatt fellesskap i fokus.

Påskemåltidet er ei historieforteljing, formidla gjennom smak, lukt, høyrsle og syn. Når vi feirar Påskemåltid vert vi del av ei historie som går heilt tilbake til utgangen av Egypt. Det var under eit Påskemåltid at Jesus tok brød og vin og gav til sine vener. «Ta dette og ét det». «Drikk alle av den». «Gjer dette til minne om meg». Jesus gav påsken ein ny dimensjon. Ved hans død og oppstode etablerte han eit nytt paktsfellesskap.

Eit Påskemåltid inneheld mykje symbolsk mat som ein et etterkvart som en fortel og les seg gjennom programheftet.

Oppskrift Påskemåltid:

Solbærsaft til vin
1/2 kokt egg til kvar
Persilledusk til kvar
Saltvann til å dyppa persilledusken i.
Bitre urter av pepperrot og rødbet
Flatbrød
Mørteldeig av eple, mandelmasse og rosiner
Lam til hovedrett

Tilbake