Digital Påskesamling og streama gudstenester


Digital Påskesamling og streama gudstenester


Heller ikkje denne påska kan vi feira gudstenester på vanleg måte, men påska er ikkje avlyst. Vi håpar at mange vil feira høgtida i heimane.

Digital Påskesamling

Set av ein times tid og få med deg påsken sin bodskap gjennom ord og tonar. Påskesamlinga som vanlegvis er i Husnes kyrkje langfredag er spelt inn digitalt og vil vera tilgjengeleg på kyrkja si heimeside og Facebook frå skjærtorsdag og gjennom heile påsken. 

>>> LINK til Påskesamling i Husnes kyrkje <<<

Streama gudstenester

Kyrkja i Kvinnherad vil og streame 3 gudstenester, som er tilgjengelige her. 
>> Skjærtorsdag overfører vi frå Kvinnherad kyrkje >>> KLIKK HER <<<
>> Langfredag frå Uskedal kyrkje >>> KLIKK HER <<<

>> Påskedag frå Eid kyrkje >>> KLIKK HER <<<

Sjølv om vi ikkje kan ha fysiske gudstenester, feirar vi gudstenester digitalt og de er invitert til å vera med gjennom internett. Dei lokale prestane, organistane med fleire vil formidla påska sitt innhald i ord og tonar.

Kvar dag i påsken vil det og kome ei musikalsk helsing på Facebook frå kyrkja.  >>>

>>> Vi minner og om at NRK sender fleire gudstenester i løpet av påsken. <<<

I nokre kyrkjer kjem vi til å ha open kyrkje i påska. Der er det mogeleg å koma inn ei stund og tenna eit lys og be, kanskje synga ei salme og høyra ein bibeltekst. Dette gjeld Skjærtorsdag i Hatlestrand og Kvinnherad, og Påskedag i Ølve.

Også i kyrkja vil vi overhalda reglane som gjeld for smittevern, med å bruka antibac på hendene og ha 2 meter avstand mellom kvarandre.

Vi ynskjer alle ein riktig god påske!

Helsing oss i kyrkja i Kvinnherad

Tilbake