No hastar det å forandre. For andre.


Konfirmantar har laga lokal kampanjefilm. >>>
Aldri før har reint vatn vore så viktig som i 2020. Då heile verda hamna i krise var det godt å ha mange års erfaring, kunnskap og arbeid med vatn i ryggen. På rekordtid kunne Kirkens Nødhjelp bygge handvaskstasjonar, køyre ut vassbilar og drive opplæring i hygiene for å førebygge covid-19.

 

LINK til lokal kampanjefilm HER >>>

Diverre står vi overfor mange utfordringar også i 2021. Fleire land møter no neste bølgje av pandemien. Kvinnherad, Norge, ja heile verda kjenner denne krisa på kroppen. Etter å ha sett Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Malawi på nært hald hausten 2019, er det ekstra sterkt for meg i desse dagar å sjå nyhende frå Malawi der dei lagar massegraver, sjukehus blir fylte opp og landet blir stengt ned.

Akkurat no gjer kyrkjelydar over heile Norge og vi her i Kvinnherad ein innsats til gjere ein forskjell. Til å forandre noko for andre. Det gjer vi gjennom å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon.

Må stå saman

Pandemien har sett fattige land mange år tilbake og i tillegg står fleire land i mange kriser samtidig. For Covid-19 bryr seg ikkje om at Nilen fløymer over og tek med seg hus, eigedelar og åkrar fulle av grønsaker. Viruset bryr seg ikkje om tørke, om du er på flukt frå uro i Tigray eller har flykta frå konfliktar i Kongo. Det bryr seg ikkje om du ikkje har vatn, mat eller ein stad å bu.

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon handlar i år om å gi reint vatn til menneske i naud. Vatn forandrar liv. I eit halvt århundre har norske kyrkjelydar strekt ut ei hand til menneske i naud gjennom Fasteaksjonen.

Pandemien har verkeleg vist oss verdien av samarbeid. Verdien av å stå saman når krisa rammar. Både her heime og i landa Kirkens Nødhjelp jobbar. For medan alt har vore stengt, har Kirkens Nødhjelp kome fram med hjelp takka vere gode partnerar på bakken.

På reisa mi i Malawi fekk eg sjå mange vasstasjonar, og gleda rundt dette tilbodet der folket kan hente reint vatn når dei vil. Reint vatn forandrar liv – på meir enn éin måte. Me treng reint vatn å drikke, men me treng også reint vatn for å halde oss reine og hindre spreiing av sjukdomar. Grundig handvask med såpe og reint vatn er faktisk ein av dei enklaste måtane å redde liv på.

Vanlegvis går konfirmantane i Kvinnherad rundt med innsamlingsbøsser og samlar inn pengar til Fasteaksjonen. I år som i fjor blir Fasteaksjonen hovudsakleg digital.

Aksjonen pågår nett no. Det einaste du treng å gjere er å støtte med små og større beløp: VIPPS til 2426 eller til kontonummer 1594 22 87493 eller send SMS VANN til 2426 (250,-)

Det vert automatisk registrert kva postnummer pengane kjem frå, og dermed kor mykje kvart sokn samlar inn. Støtt konfirmantane i det digitale innsamlingsarbeidet!  

Ein global pandemi krev global solidaritet og handlekraft. Saman kan me forandre. For andre. Eg har sett at hjelpa kjem fram!

Helsing Åse Selsvold, konfirmantleiar i Husnes og Holmedal sokn.

Tilbake