Kyrkja kan igjen ynskje velkomen til gudstenester.


Etter at vi den siste tida har hatt eit regelverk som avgrensar tal deltakarar til 10 på gudstenester og 50 i gravferder kom det sist fredag melding om at den nasjonale forskrifta no sette det maksimale talet for deltakarar på arrangement til 100.

 

Føresetnaden er då at deltakarane får ein fast tilvist plass. Dette maksimale talet må sjåast i samanheng med avstandsreglar. I praksis er det nok då vanskeleg å få plass til 100 i nokre av våre kyrkjer, men talet vert sjølvsagt betydeleg høgare enn 10.

Slik forskrifta er no, gir det oss igjen muligheit til å feire gudstenester tilnærma som i ein normal situasjon. Vi gler oss til å ynskje velkommen til «vanlege gudstenester» frå komande søndag. Kyrkja skal syta for at smittevern vert ivareteke og dei som kjem til gudstenestene vil få ein skvett handsprit og tilvist plass. Det er framleis anbefalt å avlyse eller utsetje arrangement som samlar personar frå fleire kommunar. Unntatt frå dette er gravferder/bisettingar.

Alle som kjem på gudstenester skal framleis registrerast med namn og telefonnr pga evt smittesporing. Ha gjerne med ein lapp der du har skrive ned namn og nummer som kan leverast ved inngangen, så lettar det arbeidet med registreringa og ein unngår kødanning ved inngangen.

Mvh
Kyrkja i Kvinnherad

Tilbake