Konfirmasjon 2021 - NYE DATOAR


Konfirmasjon 2021 - NYE DATOAR


Etter nytt og tydeleg råd frå biskopen i Bjørgvin har no alle sokneråd i Kvinnherad vedteke å utsetje dei konfirmasjonane som er planlagt våren 2021 til hausten same år.

 

Til grunn for biskopen sitt tydelege råd ligg smittesituasjonen med aktuelle døme på muterte virusutbrot og at mange reiser over lange avstandar i samband med konfirmasjon. Nye datoar er i Kvinnherad sett i tidsrommet 29. august til 26. september og er sendt ut til konfirmantar og føresette.  

Slik er konfirmasjonane tenkt gjennomført til hausten:

Hatlestrand sokn - Hatlestrand kyrkje: Søndag 12. september kl. 11.00

Kvinnherad sokn
Kvinnherad kyrkje: Laurdag 25. september kl. 11.00 og 13.00 og søndag 26. september kl. 11.00

Varaldsøy sokn  -  Varaldsøy kyrkje: Lørdag 18. september kl. 11.00

Ænes sokn - Ænes kyrkje: Søndag 5. september kl. 11.00

Ølve sokn - Ølve kyrkje: Søndag 19. september kl. 11.00

Husnes og Holmedal sokn
Husnes kyrkje: Laurdag 4. september kl. 11.00 og 13.00 og søndag 5. september kl. 11.00 og 13.00
Valen kyrkje: Laurdag 11. september kl. 11.00

Holmedal kyrkje: Søndag 12. september kl. 11.00

Uskedal sokn - Uskedal kyrkje: Søndag 29. august kl. 11.00

Fjelberg og Eid sokn
Eid kyrkje: Laurdag 18. september og søndag 19. september kl. 11.00

Tilbake