Avlyste gudstenester ut januar


Avlyste gudstenester ut januar


Som ein konsekvens av regelverk og tilrådingar avlyser kyrkja i Kvinnherad gudstenester ut januar månad. Dette gjeld ikkje gravferder og andre kyrkjelege handlingar som t.d dåp eller vigsel.

Gravferder vert gjennomført med maksimalt 50 stk til stades. Grunna avstandsreglar kan dette variere noko frå kyrkje til kyrkje. Andre kyrkjelege handlingar kan gjennomførast med maksimalt 10 deltakarar. Dette gjeld og i store kyrkjer med mykje plass.

Situasjon for heile samfunnet er utfordrande, og det er viktig at vi i kyrkja og tar del i dugnaden for å få avslutta denne pandemien. Vi gler oss no over at vaksinasjonen er i gang. Vi vil og denne veka koma med ei lita digital «ord for helga-helsing» som du finn på heimesida vår til helga.

Tilbake